Aktuelt


Influensavaksine 2018

16. oktober 2018 kl. 13:57

Vaksinane vart sendt ut seint i år, men no er dei komne.

Det vert vaksinering på legekontoret fredag 26.10. og  torsdag 01.11. kl 09.00 - 14.00
Honorar kr 150,00

Du kan også få vaksine på andre tidspunkt, det er berre å koma innom. Her kan du lesa meir om tilrådingar om vaksinasjon:

https://www.fhi.no/sv/influensa/influensavaksine/
 

Personvern GDPR-direktivet

8. oktober 2018 kl. 15:26

Sjå under Mer- lenker for å lesa om korleis vi behandlar fortruleg informasjon.

Ledig plass på legelister

5. oktober 2018 kl. 14:16

Begge legane våre har no ledige plassar på sine fastlegelister. 

Ny turnuslege 1.september 2018

9. september 2018 kl. 21:09

Velkomen til vår nye turnuslege Ane Marthe Helland som jobbar hos oss frå 1.9.2018-28.2.2019. No heiter det forresten ikkje lenger turnuslege, men Lis1 (Lege i spesialisering). Ho vil vanlegvis vera i Ulvik onsdagar og fredagar, i Granvin dei andre dagane.

Ny fastlege sommaren 2018!

13. juni 2018 kl. 10:54

Vi har fått tilsett ny fastlege frå 18.06.2018. Marie Francoise Bullita. Alle som får henne som fastlege vil om kort tid få tilsendt brev frå Helfo. Ho er italiensk, men snakkar tydeleg og godt forståeleg norsk. Ho bur på Voss og vil halda fram med det. Ta godt imot henne! 

Våren 2018

11. desember 2017 kl. 13:59

Dr Mihkel Helemaa slutta dessverre 15/12-2017. Legestilling har vore utlyst 1 gong, dessverre resulterte det ikkje i tilsetjing. Vi lyser ut på nytt i mars. Inntil vidare er det Unni Solem som har ansvar for begge legelistene, så pasientar må framleis ta kontakt med kommunelegekontoret. Vi vil få hjelp nokre dagar frå Eidfjord, lege Torbjørn Bjotveit.

Turnuslege 2 dagar i veka frå 1.3.2018

 

LEGEVAKT

9. juli 2015 kl. 13:02

Når det står om liv, ring 113

Legevakt kl 16-08: Voss og omegn interkommunale legevakt er lokalisert på Voss sjukehus. Her er 2 legar på vakt kveld/ helg, 1 lege om natta. Legevakta dekkjer kommunane Voss, Vaksdal, Ulvik, Granvin og Eidfjord.

 

Ring 116117 og du kjem automatisk til næraste legevaktsentral.

 

Om du er på reise, og må koma i kontakt med Voss og omegn interkommunale legevakt, ring 56 53 04 30.

 

 

 

 

 

 

Blodprøvetaking

10. desember 2013 kl. 11:42

Vi tek no blodprøvar alle dagar. Prøvane vert sende med ekspresspost og analyserte ved Haukalend universitetssjukehus dagen etterpå. Dei fleste prøvesvar får vi elektronisk overført dagen etter prøvetaking. På grunn av postgangen må du kome før 13.30. På fredagar.

Tinging av time

10. desember 2013 kl. 11:41

Vi vil svara deg innan ein dag på tinging av vanleg time. Dersom det er eit problem som du meiner det hastar med, må du ringa 56527040 i staden for sms.

Medisintinging

10. desember 2013 kl. 11:40

Vi får som ein hovudregel medisin sendt til medisinutsalet på Coop dagen etter at du sender oss melding. Dersom du treng medisin same dag, må du anten henta på apoteket sjølv eller vi må bestilla før kl 09.30. Dersom det hastar, er det nok best at du ringer oss.

Åpningstider

mandag-fredag:08.30-16.00
Laurdag: Stengt
Søndag: Stengt
Telefontid alle åpningsdager:
kl. 08.30-16.00

Ved trong for rask hjelp, ring: 40007142

Adresse

Ulvik kommunelegekontor og helsestasjon
Skeiesvegen 7
5730 ULVIK
Vis kart

Kontakt oss

Ulvik kommunelegekontor og helsestasjon
Skeiesvegen 7
5730 ULVIK

Telefon: 56 52 70 40
Faks: 56526199