Slik bestiller du


Hvordan bestille time?

Det er mange som ønskjer å nå oss og det kan ta litt tid å koma gjennom på telefon. Om du vil gjera det enkelt og spara tid kan du nytta vårt SMS køfrisystem. Du skriv:

ULVIK fødselsdatoen din, og navnet ditt og grad av hast og sender meldingen til 2097.

Ei slik melding kan sjå slik ut: ULVIK 0405190 Ola Hansen ønskjer time gjerne i neste veke.

Tenesta kostar kr. 6,- pr. motteken melding. Du kan senda meldinga når som helst på døgeret.



Avbestille time, eller endre timeavtale

Ring oss eller send ULVIK fødselsdato og navnet ditt med avbestillinga eller ønske om endring av time til 2097. Dette må skje innan 24 timer før avtalt konsultasjon, elles får du rekning for timen.



Korleis tinga reseptar på faste medisinar?

Ring legesenteret, eller send melding som SMS. Dersom du alt har elektronisk resept som gjeld fleire gongar, kan du kontakta apoteket og få utlevert medisin.



Korleis få legen heim til deg?

Legane våre reiser i heimebesøk når det er naudsynt. Dette må avtalast på telefon med medhjelpar eller lege.



Attestar og korttidssjukmeldingar

Ting vanleg time, evt hastetime. Ved trong for sjukmelding skal legen undersøka pasienten. Du kan som ein hovudregel ikkje få sjukmelding med tilbakeverkande kraft.

Ved forlenging av langtidssjukmelding kan vi i nokre tilfelle ordna dette over telefon.



Helsekontrollar

Helsekontrollar for barn vert avtalt med Helsesøster, direktetelefon 56 52 70 42 eller 40007143.

 

 



Vaksinering

Basisvaksinasjon av småborn og skuleborn vert organisert av Helsesøster, direktetelefon 56 52 70 42 eller 40007143.

For reisevaksinasjon og råd i samband med dette, kan du også kontakta helsesøster, eventuelt bestilla ein legetime.



Bestill time via SMS:

Send til 2097:

ULVIK fødselsdato, ditt navn, grad av hast

F.eks: ULVIK 030562 Kari Normann Trenger time for konsultasjon

(Unngå sensitiv informasjon)

Kr. 6,- per mottatt melding.
Normalt to meldinger - bekreftelse og timeavtale.

NB: Tjenesten kan ikke benyttes om man har reservert seg mot kortnummer

Åpningstider

mandag-fredag:08.30-16.00
Laurdag: Stengt
Søndag: Stengt
Telefontid alle åpningsdager:
kl. 08.30-16.00

Ved trong for rask hjelp, ring: 40007142

Adresse

Ulvik kommunelegekontor og helsestasjon
Skeiesvegen 7
5730 ULVIK
Vis kart

Kontakt oss

Ulvik kommunelegekontor og helsestasjon
Skeiesvegen 7
5730 ULVIK

Telefon: 56 52 70 40
Faks: 56526199